Vågsøy kommune Velferd

Teamleiar for avdeling psykisk helse og rus

Vågsøy er ei naturperle som ligg ytst i Nordfjord. Kommunen har eit aktivt næringsliv med hovudvekt på marine næringar og innovative teknologibedrifter. Vågsøy ligg mellom Ålesund og Bergen. Kommunen har eit godt utbygd barnehage- og skuletilbod, kultur- og idrettstilbod og eit fantastisk turterreng. Kommunen har om lag 6000 innbyggjarar. Måløy er kommunesenter. For meir informasjon om regionen sjå www.nordfjord.no.

 

Teamleiar for avdeling psykisk helse og rus ledig frå 01.12.2017

Vågsøy kommune har ledig 100% fast stilling som teamleiar i avdeling psykisk helse og rus. Avdelinga er organisert i område Velferd, som i tillegg inneheld barnevern, helsestasjon, tenester til funksjonshemma inkl. støttekontakt og avlastningbustad, kommunal fysio- og ergoterapi og kommunal legedrift.

Vi søkjer etter ein teamleiar som ynskjer å arbeide i ei ny og spennande avdeling, der du  får vere med å utforme tenestene og oppgåvene.

Primæroppgåver vil vere å leie teamet og den daglege drifta av tenestene.


Dette vil i hovudsak vere:

  • Fagleg ansvar for tenestene, utarbeide mål og planverk, internkontroll og kvalitetsutvikling dagleg personaloppfølging og arbeidsplanar

Ein stor del av stillinga vil vere knytt til administrative oppgåver, men noko klientarbeid må påreknast. Teamleiar har ansvar for tilsette som har dagarbeidstid og tilsette i turnus. Næraste overordna vil vere tensteleiar Velferd som har det øverste ansvaret for tenestene, personalet og budsjettet.


Vi leitar etter deg som:

  • Har pågangsmot
  • Er innovativ og ser framover
  • Set brukar i fokus
  • Ser behov for og samarbeider tverrfagleg  
  • Gir koordinerte tenester til brukar og samhandlar godt med dei tilsette for å gi gode tenester


Kompetansekrav:

  • Helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning, anna relevant høgskuleutdanning kan verte vurdert
  • Vidareutdanning innan rus og/eller psykisk helse
  • Leiarerfaring vil vere ein fordel
  • Kjennskap til turnusarbeid er ynskjeleg
  • Gode datakunnskapar
  • Førarkort klasse B


Personleg eigenheit vil verte vektlagt


Vi kan tilby:

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Gode arbeidsforhold
  • God pensjonsordning
  • Lønn etter avtale


Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden.

For nærare opplysningar kan du kontakte Kommunalsjef helse og omsorg Jeanette Jensen mobil 979 60 915.

Alle søkjarar til ledig stilling i Vågsøy kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

 

Søknadsfrist: 01.08.2017 

Del på:
Referansenr:
17/1512
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Søknadsfrist:
01.08.2017
Tiltreding:
01.12.2017
Arbeidsstad:
Velferd
Kontaktpersonar:
Jeanette Jensen
mob: +47 979 60 915

Tilbake til toppen