Vågsøy kommune Oppvekst

Teiknspråktolk

 

     2. gongs utlysing      

Vågsøy kommune har ledig ei 100% stilling som teiknspråktolk. Arbeidsstad : Skavøypoll skule (40%) og Vågsøy ungdomsskole (60%).

Stillinga er eit engasjement med tilsetjing så snart som mogleg  til den 22.06.2018, med moglegheit for forlenging.

Vågsøy kommune treng ein utdanna teiknspråktolk som skal inngå i eit tolketeam på Skavøypoll skule/Vågsøy ungdomsskole med tilsaman seks tolkar. Arbeidet består hovudsakleg av å tolke undervisning. Du må også rekne med å tolke arrangement i skulen sin regi både i skuletida og evt etter skuletid.

Vågsøy kommune har stort fokus på teiknspråk og har den einaste ungdomsskulen i landet med teiknspråk som framandspråk. Ein vil også inngå i eit teiknspråkteam saman med andre tilsette for å fremje teiknspråk og godt samarbeid. Dette teamet deltek i hørselsnettverk i Nordfjord og vi har tett fagleg samarbeid med Statped Vest og Hunstad skole som alternativ opplæringsarena.

Vi legg vekt på:                                                                                                        

            Personlege eigenskapar som:  

  • Fleksibilitet, sjølvstende og kreativitet.
  • Evne til å byggje og ivareta gode relasjonar og involvere seg positiv i elevane.
  • Endrings- og utviklingsorientert med ynskje om å utvikle teiknspråkkompetansen i kommunen
  • Gode samarbeidsevner og vilje til samhandling.
  • Evne til å inspirere og motivere

Vi kan tilby:

  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Utfordringar
  • God pensjonsordning
  • Ryddige arbeidsforhold

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Det er ønskjeleg at referanse vert oppgitt.

Den som vert tilsett må leggje fram politiattest av ny dato.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden.

For nærare opplysningar kan du ta kontakt med rektor ved Skavøypoll skule Viviann Midtbø tlf. 57 84 53 72 / 95 94 20 20 eller rektor ved Vågsøy ungdomsskole Kåre Bakke tlf. 57 84 54 03 / 91 38 45 22

Alle søkjarar til ledig stilling i Vågsøy kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Del på:
Referansenr:
17/1671
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Engasjement
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Søknadsfrist:
24.09.2017
Tiltreding:
Snarast etter søknadsfrist
Arbeidsstad:
Deknepollen
Kontaktpersonar:
Kåre Bakke
tlf: +47 57845403
mob: +47 91384522

Tilbake til toppen