Vågsøy kommune Kultur

Kulturmedarbeidar 50% fast

Vi søkjer ein positiv og initiativrik medarbeidar som kan bidra til å utvikle gode kulturtilbod i Vågsøy. Kulturavdelinga har mellom anna ansvar for kulturskule, bibliotek, kino, ungdomsklubb, idrett, friluftsliv og kontakt med lag og organisasjonar. Vågsøy kommune er eit lokalsamfunn med MOT.

Du vil få ansvar for å utvikle, drive og koordinere ulike oppgåver knytt til kulturfeltet, det er difor viktig at du kan arbeide sjølvstendig og strukturert. Det er gode moglegheiter til å kunne forme din eigen arbeidskvardag. Du må ha generelt gode datakunnskapar og kjennskap til kommunale prosessar er ein fordel.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for utvikling og koordinering av ulike oppgåver knytte til kulturfeltet
  • Sakshandsaming innan kulturfeltet
  • Bidra i planarbeid innan kulturfeltet

Vi ynskjer ein person som:

  • Har høgskuleutdanning eller anna relevant utdanning
  • Er flink til å kommunisere med ungdom og vaksne
  • Har interesse for kulturfeltet
  • Er nøyaktig og kan arbeide sjølvstendig og i team
  • Er fleksibel og løysningsorientert
  • Har god skrifteleg og munnleg framstillingsevne
  • Kan tilpasse seg varierte arbeidsoppgåver
  • Har god kjennskap og erfaring med bruk av IKT- verkty

Vågsøy kommune lyser òg ut 50% stilling som bibliotekmedarbeidar.
For den rette søkjaren kan desse to stillingane kombinerast.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden.

For nærare opplysningar kan du kontakte Odd Gunnar Myhre mobil 901 95 701.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Alle søkjarar til ledig stilling i Vågsøy kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk. 

Søknadsfrist: 25.10.2017

Del på:
Referansenr:
17/1944
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Søknadsfrist:
25.10.2017
Arbeidsstad:
Kulturavdelinga
Kontaktpersonar:
Odd Gunnar Myhre
tlf: +47 57 84 50 91
mob: +47 901 95 701

Tilbake til toppen