Vågsøy kommune Kultur

Bibliotekmedarbeidar 50% fast

Vågsøy folkebibliotek skal vere både ein nøkkelressurs for lokalsamfunnet i Vågsøy og eit kultur- og kunnskapssenter for kommunen. Biblioteket skal tene befolkninga og gje kvar enkelt menneske høve til utvikling. Vårt mål er å la menneske, informasjon og idear møtast for å skape eit rikare liv og utvikle lokalsamfunnet. I 2016 fekk biblioteket nye lokale i Gate 1, og har sidan då opplevd stor vekst i både besøkstal og utlån. No søkjer vi deg som kan hjelpe oss å bringe biblioteket vidare.

Vi søkjer ein engasjert og initiativrik medarbeidar med hjerte for litteraturen som kan hjelpe oss å utvikle biblioteket ytterlegare. Du må vere serviceinnstilt og utadvendt, då både skrankearbeid og formidling mot skular og barnehagar er ein del av stillinga.  Du vil hjelpe oss å utvikle nye tilbod og arrangement,  og skal i tillegg arbeide med sosiale medier, presse og marknadsføring. Gode datakunnskapar vil difor bli vektlagt.

I stillinga inngår kvelds- og laurdagsvakter.

Arbeidsoppgåver:

  • Skrankevakter
  • Delta i utvikling og gjennomføring av skule-/barnehagebesøk
  • Delta i utvikling og gjennomføring av arrangement
  • Diverse førefallande oppgåver

Vi ynskjer ein person som:

  • Har høgskuleutdanning eller anna relevant utdanning/erfaring
  • Er flink til å kommunisere med barn, ungdom og vaksne
  • Er serviceinnstilt og har interesse for bibliotekfaget
  • Er nøyaktig og kan arbeide sjølvstendig
  • Er fleksibel, løysningsorientert og flink til å samarbeide
  • Har god skrifteleg og munnleg framstillingsevne
  • Kan tilpasse seg varierte arbeidsoppgåver
  • Har generelt god kunnskap i bruk av IKT- verkty

Vågsøy kommune lyser og ut 50% stilling som kulturmedarbeidar.
For den rette søkjaren kan desse to stillingane kombinerast

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden.

For nærare opplysningar kan du kontakte Odd Gunnar Myhre mobil 901 95 701.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Alle søkjarar til ledig stilling i Vågsøy kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk. 

Søknadsfrist: 25.10.2017

Del på:
Referansenr:
17/1945
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Søknadsfrist:
25.10.2017
Arbeidsstad:
Kulturavdelinga
Kontaktpersonar:
Odd Gunnar Myhre
tlf: +47 57 84 50 91
mob: +47 901 95 701

Tilbake til toppen