Vågsøy kommune Oppvekst

Lærarstilling, engasjement 100%

Vågsøy kommune har ledig eit engasjement i 100% stilling som lærar ved Bryggja skule.

Snarleg tilsetjing. Engasjementet varer ut skuleåret 2017/18.

Vi søkjer etter ein lærar med utdanning som allmennlærar eller grunnskolelærar. Engelsk  er ønskja kompetanse. Alle barneskulane i Vågsøy er PALS- skular og den som vert tilsette må forplikte seg til positiv deltaking i PALS- arbeidet.

Vi legg vekt på:                                                                                                      

            Personlege eigenskapar som:          

  • Fleksibilitet, sjølvstende og kreativitet
  • Å vere gode klasseleiarar i skulen
  • Evne til å byggje og ivareta gode relasjonar
  • Endrings- og utviklingsorientert
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å inspirere og motivere 

Vi kan tilby:

  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Utfordringar
  • God pensjonsordning
  • Ryddige arbeidsforhold

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Det er ønskjeleg at referanse vert oppgitt.

Den som vert tilsett må leggje fram politiattest av ny dato.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden. 

For nærare opplysningar kan du ta kontakt med kommunalsjef Ellen Jåvold tlf.  57 84 50 13 / 400 31 715.

Alle søkjarar til ledig stilling i Vågsøy kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Del på:
Referansenr:
17/1936
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Engasjement
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
22.10.2017
Tiltreding:
Snarleg
Arbeidsstad:
Bryggja skule
Kontaktpersonar:
Ellen Jåvold
tlf: +47 57845013
mob: +47 40031715

Tilbake til toppen