Vågsøy kommune Oppvekst

Tilkallingsvikarar, lærar og assistent

Vågsøy kommune har behov for tilkallingsvikarar ved skulane i kommunen.

Vi søkjer etter personar med undervisningskompetanse eller annen pedagogisk kompetanse for vikariering i skule og SFO.

Vi legg vekt på:                                                                                                      

            Personlege eigenskapar som:          

  • Fleksibilitet, sjølvstende og kreativitet
  • Å vere gode klasseleiarar i skulen
  • Evne til å byggje og ivareta gode relasjonar
  • Endrings- og utviklingsorientert
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å inspirere og motivere

Vi kan tilby:

  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Utfordringar
  • God pensjonsordning
  • Ryddige arbeidsforhold

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Det er ønskjeleg at referanse vert oppgitt. Vi ber om at du gjev opp ønskje av arbeidsstad.

Den som vert tilsett må leggje fram politiattest av ny dato.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden. 

For nærare opplysningar kan du ta kontakt med kommunalsjef Ellen Jåvold tlf.  57 84 50 13 / 400 31 715.

Alle søkjarar til ledig stilling i Vågsøy kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk

Del på:
Referansenr:
17/1937
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
22.10.2017
Tiltreding:
30.10.2017
Arbeidsstad:
Skulane i Vågsøy kommune
Kontaktpersonar:
Ellen Jåvold
tlf: +47 57845013
mob: +47 40031715

Tilbake til toppen