Vågsøy kommune Velferd

Helsesøster 100% stilling med høve til fast tilsetjing

Tenesteeininga Velferd inneheld barnevern, helsestasjon, koordinator funksjonshemma inkl. støttekontakt, avlastningsbustad,  psykisk helse og rus, kommunal fysio- og ergoterapi og kommunal legedrift.

Helsesøster 100% stilling med høve til fast tilsetjing

Vågsøy kommune har motteke midlar frå Helsedirektoratet til styrking av helsestasjons- og skulehelsetenesta inkl. vidaregåande skule. Tiltak vil vere tverrfagleg samarbeid retta mot individ, grupper og familiearbeid.

Kompetansekrav 

  • Fullført helsesøsterutdanning
  • Fullført sjukepleiarutdanning vil verte vurdert
  • Erfaring innan fagfeltet er ein fordel

Vi legg vekt på

  • Personlege eigenskapar
  • Positiv haldning til endrings- og utviklingsarbeid
  • Fleksibilitet
  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstende

Vi kan tilby

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Gode arbeidsforhold
  • God pensjonsordning
  • Lønn etter tariff

Førarkort og tilgang til bil er ein føresetnad. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

Vi ber om at referanse vert oppgjeve. 

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden.

For nærare opplysningar kan du kontakte leiande helsesøster Turid Blålid mobil 900 16 794.

Alle søkjarar til ledig stilling i Vågsøy kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk. 

Søknadsfrist: 24.04.2018

Del på:
Referansenr:
2018000517
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
24.04.2018
Arbeidsstad:
Velferd
Kontaktpersonar:
Turid Blålid
mob: +47 900 16 794

Tilbake til toppen