Vågsøy kommune Oppvekst

Teiknspråktolkar

Vågsøy kommune har ledig 2,7 årsverk som teiknspråktolk. 1,7 årsverk er faste stillingar mens ei 100% stilling er eit engasjement for skuleåret 2018/2019.

Vågsøy kommune treng teiknspråktolkar som skal inngå i eit tolketeam på Skavøypoll skule/Vågsøy ungdomsskole med tilsaman fem tolkar. Arbeidet består hovudsakleg av å tolke undervisning. Du må også rekne med å tolke arrangement i skulen sin regi både i skuletida og evt etter skuletid.

Vågsøy kommune har stort fokus på teiknspråk og er ein av to ungdomsskular i landet med teiknspråk som framandspråk. Ein vil også inngå i eit teiknspråkteam saman med andre tilsette for å fremje teiknspråk og godt samarbeid. Dette teamet deltek i hørselsnettverk i Nordfjord og vi har tett fagleg samarbeid med Statped Vest og Nattland skole som alternativ opplæringsarena.

Vi legg vekt på:                                                                                                        

            Personlege eigenskapar som:  

  • Fleksibilitet, sjølvstende og kreativitet.
  • Evne til å byggje og ivareta gode relasjonar og involvere seg positiv i elevane.
  • Endrings- og utviklingsorientert med ynskje om å utvikle teiknspråkkompetansen i kommunen
  • Gode samarbeidsevner og vilje til samhandling.
  • Evne til å inspirere og motivere 

Vi kan tilby:

  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Utfordringar
  • God pensjonsordning
  • Ryddige arbeidsforhold 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Det er ønskjeleg at referanse vert oppgitt.

Den som vert tilsett må leggje fram politiattest av ny dato.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden.

For nærare opplysningar kan du ta kontakt med rektor ved Vågsøy ungdomsskole Kåre Bakke

tlf. 57 84 54 03 / 91 38 45 22

Alle søkjarar til ledig stilling i Vågsøy kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Del på:
Referansenr:
2018000527
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
24.04.2018
Tiltreding:
01.08.2018
Arbeidsstad:
Vågsøy ungdomsskole
Kontaktpersonar:
Kåre Bakke
tlf: +47 57845403
mob: +47 91384522

Tilbake til toppen