Vågsøy kommune Oppvekst

Teiknspråklærar

Vågsøy kommune har ledig eit vikariat i inntil 60% stilling som teiknspråklærar. Vikariatet gjeld i tidsrommet 01.08.2018 – 19.02.2019. Arbeidsstad: Vågsøy ungdomsskole.

Vågsøy kommune har stort fokus på teiknspråk og er ein av to ungdomsskular i landet med teiknspråk som framandspråk. Ein vil også inngå i eit teiknspråkteam saman med andre tilsette for å fremje teiknspråk og godt samarbeid. Dette teamet deltek i hørselsnettverk i Nordfjord og vi har tett fagleg samarbeid med Statped Vest og Nattland skole som alternativ opplæringsarena.

Vi legg vekt på:                                                                                                        

            Personlege eigenskapar som:  

  • Fleksibilitet, sjølvstende og kreativitet.
  • Evne til å byggje og ivareta gode relasjonar og involvere seg positiv i elevane.
  • Endrings- og utviklingsorientert med ynskje om å utvikle teiknspråkkompetansen i kommunen
  • Gode samarbeidsevner og vilje til samhandling.
  • Evne til å inspirere og motivere

Vi kan tilby:

  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Utfordringar
  • God pensjonsordning
  • Ryddige arbeidsforhold

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Det er ønskjeleg at referanse vert oppgitt.

Den som vert tilsett må leggje fram politiattest av ny dato.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden.

For nærare opplysningar kan du ta kontakt med rektor ved Vågsøy ungdomsskole Kåre Bakke

tlf. 57 84 54 03 / 91 38 45 22

Alle søkjarar til ledig stilling i Vågsøy kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Del på:
Referansenr:
2018000526
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
24.04.2018
Tiltreding:
01.08.2018
Arbeidsstad:
Vågsøy ungdomsskole
Kontaktpersonar:
Kåre Bakke
tlf: +47 57845403
mob: +47 91384522

Tilbake til toppen