Vågsøy kommune Oppvekst

Lærling barne- og ungdomsarbeidar

Frå hausten 2018 er der Innan oppvekstsektoren i  Vågsøy kommune to kommunale og tre private barnehagar, samt tre barneskular og ein ungdomsskule.

I åra framover ser ein eit stadig større behov for fagarbeidarar spesielt innanfor barnehagesektoren.

Vi søkjer ein lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget i 100% stilling i perioden  01.08.2018 – 31.07.20. Lærlingtida vert fordelt innanfor  barnehage, grunnskuletrinn 1.-10. og vidaregåande skule.

Vi søkjer ein lærling som:

  • har fullført VG2 innan barne og ungdomsarbeidarfag
  • har positiv haldning
  • har gode samarbeidsevner
  • er fleksibel
  • kan arbeide sjølvstendig og i team

Vi tilbyr:

  • spennande arbeidsplassar
  • instruktør
  • lærlingløn

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Det er ønskjeleg at referanse vert oppgitt.

Den som vert tilsett må leggje fram politiattest av ny dato.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden.

For nærare opplysningar kan du kontakte tenesteleiar Janne Halsør tlf. 57 84 53 61 / 990 28 763.

Alle søkjarar til ledig stilling i Vågsøy kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Del på:
Referansenr:
2018000529
Fylke:
Sogn og Fjordane
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
01.05.2018
Tiltreding:
01.08.2018
Arbeidsstad:
Vågsøy kommune
Kontaktpersonar:
Janne Halsør
tlf: +47 57 84 53 61
mob: +47 990 28 763

Tilbake til toppen